Lukten av bøker.

 Eg var på biblioteket i går. Det høyrest kanskje litt rart ut, men eg har ikkje vore på hovudbiblioteket sidan dinosaurane levde. Det er noko heilt spesielt og magisk med bibliotek. Stilnaden, alle krokane og å være omringa av hundrevis av bøker. 

Det var som om kvar av dei kviskra: "Ta meg med! Sluk meg! La meg ta deg med på reise!". Eg har med andre ord, veldig dårleg sjølvkontroll når eg er omringa av gratis lesestoff, noko som jo er ganske openlyst når du ser på biletet. Eg lånte nokre klassikarar som Lord of the Flies og Animal Farm. Eg fekk veldig lyst til å lese meir gamle bøker då eg leste 1984 av George Orwell på byrjinga av året.

Eg lånte og ei bok og eit skodespel av Jon Fosse, litt fordi eg har lyst å lese noko av han og litt fordi eg skreiv ei skuleoppgåve om Postmodernismen i norsk litteratur. Neil Gaiman er ein av favorittforfattarane mine, så eg kan nesten ikkje vente med å lese American Gods. I tillegg så lånte eg Et dukkehjem og Hamlet fordi eg prøver å skrive eit skodespel og vil lese litt manus for å få tankane til å spinne. 

Tysdagen var litt uvanleg, for me hadde heimedag i norsk for lærarane våre var på kurs. Her er lista eg laga over ting eg skulle gjere

- Hoppe opp og ned fordi eg ikkje hadde Gym
- Sove to timar ekstra
- Gå på biblioteket
- Gjere norskoppgåva
- Sjå Les Miserables i Haugesund


 Eg trur me kan konkludere med at eg ikkje kjem til å få tid til å lese alle desse bøkene, men det er vel verdt eit forsøk. For eg treng eit lite avbrekk frå kvardagen, og då er bøkene min meditasjon og biblioteket mitt tempel.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits