De Kristne? Heller "De Utdaterte".

De Kristne er eit borgarleg parti som blei laga som ein reaksjon mot KRF, fordi dei meinte at KRF ikkje var konservative nok (her)
Partiet er veldig engasjert rundt området eg bur, så eg blir nødt til å høyre om dei nesten kvar einaste dag, og bare tanken på menneskeverdiane deira gjer at eg blir sterkt provosert. Så dette blir altså eit debattinnlegg, så hold dykk fast i stolen folkens og høyr på denne 15-åringen. For dette kan bli sterkt.

Det er eigentlig bare eitt tema eg vil ta opp, sjølv om eg er uenig med dei i det meste som forbud mot abort, kristendom i skule og diverse andre sakar. Men det er ikkje desse tinga eg skal ta tak i no, for noko av det som gjer meg verkeleg og djupt ergerleg er deira "Kamp om ekteskapet"

Eller rettare sagt, kampen for at homofile ikkje skal få lov til å gifte seg.

For det fyrste: Kvifor bryr de dykk så sterkt om at to som elskar kvarandre skal få lov til å gifte seg? Har de verkeleg ikkje noko betre å bruke tida dykkar på? Om homofile skal få lov til å gifte seg i kyrkja er ein annan sak, kanskje urettferdig den og, men. Dei skal ikkje ein gong få lov til å gifte seg utan "kristen innblanding"? Homofile er verkeleg ikkje så forskjellige i frå hetrofile. Forskjellen er - vel - at dei blir tiltrukke nokon av same kjønn. Skal ein ikkje då sjå på dei som eit menneske?

Burde ikkje menneske som elskar kvarandre få lov til å gifte seg?

Deira svar er eit rungande "Nei". Men det er nesten ikkje det verste med saken eingong. Homofile skal nemlig heller ikkje få adoptere born. Dette er henta rett i frå nettstaden deira: 


Kødder du? Ein handelsvare? Når hetero par adopterar ungar så går det heilt fint, men når det er homofile par så er borna ein handelsvare? Eg ser grunn til at dei skal væra meir ein handelsvare hvis dei som adopterar er homofile enn heterofile. Det er eitt utruleg dårleg argument, sorry. Det med at born skal ha rett til både mor og far: Kva med åleineforeldre, då? Ein far som fostrar opp borna sine åleine, då manglar jo dei jo mor? Skal faren då tvangsgiftast sånn at borna hans skal få ein morsfigur? 

Ordet ekteskap har betydd så mangt opp gjennom tida, kven er de til å bestemme at dykkar oppfatting av ekteskapet er rett for alle? Human-Etikarar giftar seg jo, og då har dei ein anna oppfatting av ekteskap enn dykk. Det betyr ikkje lenger bare og foreinast gjennom Guds ande, og alt det der. Ekteskap gjeld jo og økonomi og diverse ting, slik eg har forstått det.

Og dette "biologiske konseptet" - kan ikkje adoptivborn være like lukkelege som biologisk fødte born? Trur de verkeleg at eit born som blir oppfostra av fedre eller mødre, kjem til å ha ein værre oppvekst enn dei som lever med hetero foreldre? Det tvilar eg sterkt på. 

Året er 2013, ikkje 1900.

Og til alle homofobar der ute: Det blir ikkje betre! Homofile får meir og meir rettighetar! Kvifor?
Fordi det er rettar dei fortjener som menneske!

-  -  -  -  -  -  -  -  -  -  -


Del meiningar i kommentarfeltet! Men hugs å være sakleg og ikkje komme med sårande utsagn og gå til åtak på enkeltpersonar! Eg vil høyre tankane og meiningane dykkar! Hugs at eg valde dette partiet fordi det er det eg høyrer mest om, og dei er bare eitt eksempel på ein meining eg er heilt i mot.

#politikk #homofilerettigheter #gayrights

5 kommentarer

Stine Vatne Hansen

03.09.2013 kl.23:27

Wow, eg e mektig imponert øve måten du skriv på, da e so sant da du skriv!! :D

Kjempeflott at du seie noke om eit so viktig emne som detta, da treng å bli belyst, og eg må seia meg spesielt imponert øve at du kan skriva noke sånt i ein alder av 15 år, eg hadde aldri hatt sjangs til å formulera meg so bra og so saklig! :) Stå på!! :D

- Stine

04.09.2013 kl.08:43

Kjempe bra skrevet!

Eva Elise

04.09.2013 kl.12:00

Ditta va kjempebra, Emma :) Eg er so enig med deg!

04.09.2013 kl.14:48

You go girl!

04.09.2013 kl.16:53

Kanon bra :-)

Skriv en ny kommentar

hits