Salg av bøker.

40kr per bok! Befinn seg i Høvringevika. Ta kontakt på facebook (Trykk her) eller på mail (emmarsele@icloud.com).



Frå øverst til nederst:

Twilight-sagaen: 160,- for heile serien:

  • Evighetens kyss av Stephenie Meyer (Orginaltittel: Twilight). Tema er kjærleik og vampyrar. Passar for 11-14år
  • Under en ny måne av Stephenie Meyer (Orginaltittel: New Moon)
  • Formørkelsen av Stephenie Meyer (Orginaltittel: Eclipse)
  • Ved daggry av Stephenie Meyer (Orginaltittel: Breaking Dawn)


Fyrste bok i ein serie:
 
Våk over meg av Amy Plum
Orginaltittel: Die for me. Tema er kjærleik, Paris og overnaturlege skapningar. Passar frå 12-15.

Rubinrød & Safirblå: 2/3 av ein serie av Kerstin Gier

  • Rubinrød. Handlar om tidsreise og kjærleik. Passar frå 12-15.
  • Safirblå

Dei tre fyrste bøkene i House Of Night-serien  av P.C. og Kristin Cast

  • Merket (Orginaltittel: Marked). Handlar om kjærleik og ein vampyrskule.
  • Bedratt (Orginaltittel: Betrayed)
  • Utvalgt (Orginaltittel: Chosen)

Lukten av bøker.

 Eg var på biblioteket i går. Det høyrest kanskje litt rart ut, men eg har ikkje vore på hovudbiblioteket sidan dinosaurane levde. Det er noko heilt spesielt og magisk med bibliotek. Stilnaden, alle krokane og å være omringa av hundrevis av bøker. 

Det var som om kvar av dei kviskra: "Ta meg med! Sluk meg! La meg ta deg med på reise!". Eg har med andre ord, veldig dårleg sjølvkontroll når eg er omringa av gratis lesestoff, noko som jo er ganske openlyst når du ser på biletet. Eg lånte nokre klassikarar som Lord of the Flies og Animal Farm. Eg fekk veldig lyst til å lese meir gamle bøker då eg leste 1984 av George Orwell på byrjinga av året.

Eg lånte og ei bok og eit skodespel av Jon Fosse, litt fordi eg har lyst å lese noko av han og litt fordi eg skreiv ei skuleoppgåve om Postmodernismen i norsk litteratur. Neil Gaiman er ein av favorittforfattarane mine, så eg kan nesten ikkje vente med å lese American Gods. I tillegg så lånte eg Et dukkehjem og Hamlet fordi eg prøver å skrive eit skodespel og vil lese litt manus for å få tankane til å spinne. 

Tysdagen var litt uvanleg, for me hadde heimedag i norsk for lærarane våre var på kurs. Her er lista eg laga over ting eg skulle gjere

- Hoppe opp og ned fordi eg ikkje hadde Gym
- Sove to timar ekstra
- Gå på biblioteket
- Gjere norskoppgåva
- Sjå Les Miserables i Haugesund


 Eg trur me kan konkludere med at eg ikkje kjem til å få tid til å lese alle desse bøkene, men det er vel verdt eit forsøk. For eg treng eit lite avbrekk frå kvardagen, og då er bøkene min meditasjon og biblioteket mitt tempel.

Stolt eigar av verdens tyngste siamesar.

Eg var på konsert med Kaizers Orchestra på Koengen sist laurdag, og det var heilt fantastisk! Ikkje nok med at bandet har gode tekstar og nydelig musikk, heile maskinen er bare så fantastisk. Oljetønner, gassmasker og flosshattar, eg har bare ikkje ord! 


Eg sang "Bris" på eit MOT-arrangement sist tysdag, og i forbindelse med det dukka leiaren for MOT på bømlo opp i mattetimen og skulle gje meg noko! Eg fekk faen meg ein ep, signert av ingen andre enn bastardane sjølv! Eg er så utruleg glad! #kaizers

Har du nokon gong fått oppfylt ein liten draum?

De Kristne? Heller "De Utdaterte".

De Kristne er eit borgarleg parti som blei laga som ein reaksjon mot KRF, fordi dei meinte at KRF ikkje var konservative nok (her)
Partiet er veldig engasjert rundt området eg bur, så eg blir nødt til å høyre om dei nesten kvar einaste dag, og bare tanken på menneskeverdiane deira gjer at eg blir sterkt provosert. Så dette blir altså eit debattinnlegg, så hold dykk fast i stolen folkens og høyr på denne 15-åringen. For dette kan bli sterkt.

Det er eigentlig bare eitt tema eg vil ta opp, sjølv om eg er uenig med dei i det meste som forbud mot abort, kristendom i skule og diverse andre sakar. Men det er ikkje desse tinga eg skal ta tak i no, for noko av det som gjer meg verkeleg og djupt ergerleg er deira "Kamp om ekteskapet"

Eller rettare sagt, kampen for at homofile ikkje skal få lov til å gifte seg.

For det fyrste: Kvifor bryr de dykk så sterkt om at to som elskar kvarandre skal få lov til å gifte seg? Har de verkeleg ikkje noko betre å bruke tida dykkar på? Om homofile skal få lov til å gifte seg i kyrkja er ein annan sak, kanskje urettferdig den og, men. Dei skal ikkje ein gong få lov til å gifte seg utan "kristen innblanding"? Homofile er verkeleg ikkje så forskjellige i frå hetrofile. Forskjellen er - vel - at dei blir tiltrukke nokon av same kjønn. Skal ein ikkje då sjå på dei som eit menneske?

Burde ikkje menneske som elskar kvarandre få lov til å gifte seg?

Deira svar er eit rungande "Nei". Men det er nesten ikkje det verste med saken eingong. Homofile skal nemlig heller ikkje få adoptere born. Dette er henta rett i frå nettstaden deira: 


Kødder du? Ein handelsvare? Når hetero par adopterar ungar så går det heilt fint, men når det er homofile par så er borna ein handelsvare? Eg ser grunn til at dei skal væra meir ein handelsvare hvis dei som adopterar er homofile enn heterofile. Det er eitt utruleg dårleg argument, sorry. Det med at born skal ha rett til både mor og far: Kva med åleineforeldre, då? Ein far som fostrar opp borna sine åleine, då manglar jo dei jo mor? Skal faren då tvangsgiftast sånn at borna hans skal få ein morsfigur? 

Ordet ekteskap har betydd så mangt opp gjennom tida, kven er de til å bestemme at dykkar oppfatting av ekteskapet er rett for alle? Human-Etikarar giftar seg jo, og då har dei ein anna oppfatting av ekteskap enn dykk. Det betyr ikkje lenger bare og foreinast gjennom Guds ande, og alt det der. Ekteskap gjeld jo og økonomi og diverse ting, slik eg har forstått det.

Og dette "biologiske konseptet" - kan ikkje adoptivborn være like lukkelege som biologisk fødte born? Trur de verkeleg at eit born som blir oppfostra av fedre eller mødre, kjem til å ha ein værre oppvekst enn dei som lever med hetero foreldre? Det tvilar eg sterkt på. 

Året er 2013, ikkje 1900.

Og til alle homofobar der ute: Det blir ikkje betre! Homofile får meir og meir rettighetar! Kvifor?
Fordi det er rettar dei fortjener som menneske!

-  -  -  -  -  -  -  -  -  -  -


Del meiningar i kommentarfeltet! Men hugs å være sakleg og ikkje komme med sårande utsagn og gå til åtak på enkeltpersonar! Eg vil høyre tankane og meiningane dykkar! Hugs at eg valde dette partiet fordi det er det eg høyrer mest om, og dei er bare eitt eksempel på ein meining eg er heilt i mot.

#politikk #homofilerettigheter #gayrights

Pastell & altfor mykje kake.

Eg har bestemt meg for å prøve å blogge litt. Litt fordi eg vil øve meg på å skrive tekstar (eg slit litt med formulering til tider, og delvis fordi eg syntes det er litt koseleg. Det blir nok ein litt annleis bloggstil framover, og eg kjem nok til å skrive mykje meir om bøker og musikk enn det er gjorde før. Og eg kjem ikkje til å bry meg så mykje om å skrive innlegg jevnt og om å få flest lesarar. Eg føler at det å blogge gjer meg mykje meir når eg heller brukar tid på eit innlegg, enn når eg skriver raskt om heilt uinteressante ting for både meg og deg. 

Og så har eg vore i familieselskap, som forklarar tittelen. 

Instagram: Emmarsele

Sidan eg aldri bloggar, så kan du følge meg på instagram: emmarsele

Stikkord:

Doctor Who GIFS

Blomstølen.

Klasseturen i år var ein tur til Turistforeininga si hytte på Blomstølen! Eg hadde ikkje så store forventingar til turen (eg er ikkje akkurat eit turmenneske), men eg syntes det var kjempekjekt. Her er nokre bilete i frå turen opp, og eg legg ut bilete i frå me var kommen opp seinare.

Me var ganske slitne på veg opp. Eg kjente i alle fall at eg ikkje er vant til å gå i oppoverbakke i to og ein halv time, men eg hadde nok berre godt av det. Det var utrulleg nydelig natur der! 

Halvvegs opp møtte eg på ein gjeng beståande av ↑ Jannicke og Marthe ↑ Svein Andrè og Hilde.

Det var ein del sauer på vegen opp, og eg er jo over gjennomsnittet glad i dyra, så eg måtte ta nokre bilete av dei (Sjå headeren). Eg syntes og "Lukk grunda" skilta var facinerande, av ein eller anna grunn.



Eg kan ambefale turen hvis du er glad i å gå oppover i vakker natur, men helst bli på hytta minst ei natt, for vegen nedover rett etterpå virka for tung. Kva syntes de om bildene?

By the water.




Eg var med veninna mi sine venner på stranda på Tysdag, og her er nokre bilete. Emma

Vetahaugen











Det var så fint vêr sist fredag etter skuleframsyning på Mostraspelet, at eg tok meg ein liten rusletur i området rundt Amfiet. Disse bildene er frå eg var ein liten tur oppe på Vetahaugen :) Emma 

Vikingtid

Det er så koselig å bli slukt inn i ei gammal tid med masse hyggelige folk og vakker natur! Eg kjem verkeleg til å samne mostraspelet til neste år, det blir bare anna kvart år framover! 


Men eg er fortsatt takknemlig for at i det heile tatt får være med! Det er mykje kjekkare enn det høyrest ut :) Emma

Strikkegenser & løvetann


Emma

Jordbær & teater

Det var nydelig vær på fredag! Det var egentlig spådd dårleg heile helga, men heldigvis tok dei feil! Fredagen var solfylt, og eg brukte heile dagen på å være på Moster. Spelte Mostraspelet, såg på Litle Torolv sin generalprøve, kjøpte jordbær, gjekk ein tur på Vetahaugen, sol-te meg og livet var bare herleg! ♥

Eg har bestemt meg for at bloggen kjem til å ha mindre av kvardagen min (som ikkje er så interessant uansett), og fleire bilder, musikk og ting som eg likar. 

Har de kost dykk i varmen?

Mostraspelet 2013

No jobbar me med mostraspelet for fullt, så eg får ikkje så mykje tid til å blogge for sånn går no dagan.

Følg meg på instagram: emmarsele

Hestehov.




Fleire bilete i frå sparkesykkelturen min // Canon EOS 450d + standarlinse
Kva syntes du om bildene? 

Toms, blomar, Lana

Her er nokre wants for tida! Vurderer å kjøpe meg eit par toms, og kanskje lage ein blomster krans sjølv, om eg finn fine og billige jukseblomar. Buksa er i frå H&M, Sko i frå TOMS og brillene er i frå Ray--Ban, det er alt eg veit.

Kva syntes du?

Natureleza.





Det har vore nydelig vær i det siste! Her er nokre bilder i frå sparkesykkelturen min :)
Kva syns du om bildene? 

Eyes Lips Face

I gårkveld kom eg heim og fant ein pakke på bordet! Gjett om eg blei glad? All sminken i pakken er i frå E.L.F Cosmetics.

Mineral leppestift: Party Pink / Cheerful Cherry / Ripe rose

Neglelakk i frargen Mint Cream / Kremblush i fargen Flirt


Eyeprimer & Liner / Waterproof eyeliner pen i fargen coffee

Kva syntes de om innkjøpet?

Linkerunde

Stikkord:

Lavender.


 Var på sparkesykkeltur i dag og tok bilder! Det var koselig med så fint vêr, til ein forandring. I kveld skal eg på Sing-star party, så det blir gøy. Husk å melde deg på linkerunden /her/, eg trekker vinnaren i kveld

Stikkord:

Litt opptatt.

Denne veka har eg hatt besøk av ei spansk jente, og det har vore ganske hektisk. Språkforvirring, fisketur, elevkveld og forskjellig har vore veldig travelt, og så skal dei være med på 17.mai-feiring i morgon. Eg kan fortelle meir om prosjektet og kva me har gjort når dei har reist :)


Eg trekker ein vinnar av linkerunden på laurdag. Du kan melde deg på /her/

Stikkord:

Linkerunde

No er det tid for ein linkerunde igjen! Legg igjen bloggen din i kommentarfeltet, så vel eg dei tre som eg syntes er best, som får ein shoutout. Fristen er til torsdag.

Stikkord:

Shadows #2

På onsdag var eg ute og tok bilder på veg heim i frå busstoppet. Eg hadde ikkje kamerastativ med, så eg satte kameraet på vegen og på ei berghylle. Del 1 av desse bildene finn du /her/

Denne litle fyren her, er bare ein av mange padder eg møtte på vegen.



Canon EOS 450d // Standarlinse. Kva syntes du om bildene?

Sirkus Sele på ville vegar.

I dag har eg vore hos besteforeldrene mine på middag med dei fine søskenborna mine + tante Nina. Det var utruleg koseleg, fyrst åt me får-i-kål, og så gjekk me ut i hagen og spelde kubb.


Som de ser er familien min litt spesiell, men veldig festlig.
Etter kubb så bestemte me oss lika godt å ta ein tur på bowlingen ♥ 
Korleis har din sundag vore?

Shadows #1

Vakre Astrid Marie.




Canon EOS 450d, standarlinse // Kva syntes de?

Antrekk: 11.05.13






Peplumtopp Bik Bok Veske Sassymanii Bukse H&M Sko Converse Smykke Gina Tricot Jakke Bik Bok

Inspirasjon: Vårmote


Eg gleder meg til å gå med solbriller og sandaler! Vêret her på vestlandet er enten regn og varmt, eller kaldt og sol. Typisk, altså. Eg er uansett ein fan av strikkegensarar, til alle årstider, så det gjer meg egentlig ikkje så mykje :)

Kva gleder du deg til å ha på deg om våren/sommaren?

Svar på spørsmål

Når videoen du filma blei for klein til å legge ut på bloggen... #Denkjensla #Truestory

 Venn med best klesstil? Eg har så mange venner som kler seg så fint og forskjellig, at det er heilt umogleg. Alle er skikkelig stilige, og så kjem eg i mine psykideliske bukser... til mitt forsvar så var det tentamen den dagen.

Venn som sminker seg best? Syntes alle sminker seg fint, og er utruleg fine uten sminke, men om eg må seie nokon, så må det bli Svein Andrè. Han er bare heilt fabulous.

Største frykt? Melon? Hehe, bare tulla. Eg er redd for gløymsel - at alt me har gjort, bygd og sagt kjem til å forsvinne. Eg er og skikkelig redd for å få sceneskrekk. Kan du tenkje deg noko verre? At du står på ein scene føre hundrevis av folk, og du ikkje klarer å få fram ein lyd?

Største "Celebrity Crush"? Flott at nokon vil vete det, då. Nei, eg har egentlig aldri hatt eit "crush" på nokon kjendisar, eg skjønner meg ikkje på det. Beliebers er eit veldig rart fenomin i mitt univers. Mens, når det er sagt, så fins det jo alltid fine kjendisar, som for eksempel Matthew Lewis (nam).

Dårligaste vane Eg seier "Ehm" og tar meg i håret heile tida.

Beste vane No clue.

Beste minne Eg klarer ikkje å velge eitt, men eg kan nemne nokon av dei beste: Paris med Kristine, TT12, musikalen Hår.

Yndlingsbutikk Av dei eg har vore i, så må eg seie Kremmerhuset (eg elskar dilldall), og av dei eg ikkje har vore i, må eg seie Urban Outfitters.

Kva guttar likar du ;) Her har de eit veldig beskrivande bilete eg lagde til dykk:



Håper de fant det opplysande :)

Waterpaint.


Topp 3# bloggarar

Åshild /klikk her/ er bare så søøt! Ho har eit nydelig smil, og har utruleg mange fine bilder og kul stil.

Camilla blogger om inspirasjon, mote og kvardagen hennar. Ho har ein fantastisk søt stil, og eg elskar det meste av inspirasjonen ho legg ut. Bloggen hennar finn du /her/.


Sist, men ikkje mist, så har me May Teresa, som tar nydelige bilder! Ho har eit skikkelig talent. /klikk her/

Les mer i arkivet » Mars 2014 » September 2013 » August 2013
hits